Om Eikefjord

Eikefjord er ei idyllisk og flott bygd på Vestlandet. Bygda ligg midt mellom byane Florø og Førde, og er dermed ein godt eigna plass å bu med god tilkomst til begge byane som ligg om lag 25 km frå bygda. Det er kort avstand frå fjord og sjø til skog og fjell. Dette gjer til at bygda har mange naturopplevingar å by på. Fleire tilrettelagte stiar og gode merka turar på fjellet er noko av mange muligheiter.


Det er rundt 1300 innbyggjarar i Eikefjord, og mottoet for Eikefjordingane er «Vi kan, vi vil og vi får det til".  Bakgrunnen for dette mottoet er dugnadsånda og viljen for å tilrettelegge og gjere bygda til ein attraktiv og kjekk plass å bu i. Det har i åra vore ein del «hårete mål" som er vorte gjennomført, og dette gjer til at innbyggjarane har ein ekstra forkjærleik til bygda.

  • Litt om dei hårete måla kan du lese om her (kyrkjebukta- fleirbrukshallen).

  • Vi har fleire lag og organisasjoner i Eikefjord. Oversikt over desse og kva aktivitet dei byr på kan du finne her.

Eikefjord er ein fin plass å vere - Eikefjord er ein fin plass å bu!

Eikefjord barne- og ungdomskule

 

Eikefjord barne- og ungdomsskule er ein 1-10-skule. Dagens skule i sentrum starta i 1962, og har gjennom åra utvikla seg til ein barne- og ungdomsskule med om lag 150 elevar og 27 tilsette. I tillegg har vi fast kontortid for helsesjukepleiar 1-2 dagar i veka.

Skulen ligg midt i sentrum av Eikefjord, nær fjell og fjord, og har elevar frå fleire mindre grender i 4 km omkrins. Vi nyttar nærområda til skulen i leik og aktivitet, med fjellturar, skidagar, ei badestrand og flotte stivegar. På skuleplassen har vi basketballbane, ballbinge, volleyballbane, leikeområde for dei minste og stor grillplass.

Vi fekk heilt nytt skulebygg i 2016 og ein stor fleirbrukshall i 2017. 

Vi er bevisst dei nye læreplanane og vi er opptatt av å skape eit trygt og godt skulemiljø der elevane trivst, i leik og samspel med andre. 

Nettstad: Sjå Flora kommune