Velkommen til Eikefjorddagane 2022

Etter 2 år med pandemi og noko redusert Eikefjordagar, er vi no klare for å arrangere Eikefjordagar slik som det pleier med 3 dagar og mykje bra program. Eg vil tru bygda gler seg til å samlast, og til å fylle sentrum igjen med nære og kjære, gamle og nye kjenningar. Vi satsar på eit kjekt familiearrangement der born og familie er i fokus på dagtid, og på kveldstid vil fest og moro stå på programmet. Etter at vi fekk ny skule og fleirbrukshall har mykje av dagane vært arrangert der, men fleire har ytra ønske om å få Eikefjordagane tilbake til sentrum, slik som i gode gamle dagar. Dette krever meir logistikk, teltplass og velvilje frå grunneigarar, men vi satser på å få det til. Håpar sola vil vere med oss denne dagen, for alt er så mykje kjekkere med eit utearrangement på godværsdagar.

I år har vi gleda av å få besøk av Good Time Charlie. Bandet med vår egen Eikefjording, Steinar Karlsen, har fleire ganger før spelt for bygda, og det er kjekt dei vil komme og spele for oss i år igjen. Dei vil halde ein familiekonsert dagtid lørdag i teltet. Ellers har vi eit nyoppstarta band med fleire lokal kjenninger som skal spele fredag kveld, og på lørdag kveld har vi henta 2 vokalister frå Vevring. Derifrå kjem også Lasse Lerum, ein taekwando instuktør som vil holde eit lite foredrag og skape steming i teltet dagtid laurdag med sine høge spark og gode historier. Søndag får vi besøk frå Seniordansarane frå Florø som vil vise oss at dansefoten står ikkje still sjølv om alderen flyr av gårde.

Vi håpar du kjem og skapar stemning i Eikefjord 12-14 august. Dagane startar sjølvsagt med vårt varemerke; kakebord der alle kakebakarar i heile bygda tromler saman sine gode bakverk og donerer til kakebordet. Er ikkje det flott? Eikefjordprisen vil vi dele ut i år, og kven den/dei heldige er, vert annonsert ved opninga. Kunstutstillinga vil du finne i gamle Bakeriet, og i år er det ei Førdejente,

Karoline Vie som skal stå for med sine kunstmåleri. Vel møtt til Eikefjord!!!

Forrige
Forrige

Program Eikefjorddagane 2022

Neste
Neste

Salmontunet- Ein kultur og aktivitetspark for alle