Det våres

Eikefjord Grendalag fekk ein forespørsel som varma våre hjerte. Eit fotballag ville gjere dugnad for bygda og spurte om Grendalaget hadde eit passende oppdrag. Dei ville ikkje ha betaling for dugnaden. Treneren ville at laget skulle ha eit prosjekt å jobbe saman om utenom på ei fotballbane.

Jentene fekk då i oppdrag å plante I krukker og blomsterpotter ulike stader i Eikefjord. Dei renska mose og ugras langs støypekant mot stranda. Resultatet vart bra og jentene var fornøyde.

Applaus til fotballgjengen som viste samarbeid, lagånd og vilje til å hjelpe utenom fotballbana!

Nedenfor skulen har Bestemorlauget pynta opp med nye krukker og fine planter. Slikt vert lagt merke til, og Grendalaget vil tru at fleire er takknemlige for slik innsats!

Takk til flinke fotballjenter, til treneren for initiativ og til Bestemorlauget for samarbeidet om å gjere bygda fin😊

Forrige
Forrige

Nytt styre i Eikefjord grendalag

Neste
Neste

Eikefjorden kan fortsatt dugnad