Torvhuset på stranda

Torvhuset var originalt bygd på dugnad i 1999 i samband med at det vart innført nye retningslinjer for ungdomsskuleelevane ved Eikefjord barne- og ungdomsskule.  Bygget vart plassert ved lærarinngangen på EBU, og var eit «tak-over-hovudet-tilbod» der ungdomsskuleelevane kunne opphalde seg i friminutta.

I samband med sanering av gamleskulen før etablering av ny EBU og fleirbrukshall, vart bygget flytta til strandpromenaden i 2015. Sommaren 2022 starta Audun og Randi Solheim, og Geir Tore Leversund på nytt dugnadsarbeid med rehabilitering av torvhuset, og våren 2023 er huset ferdigstilt med nytt torvtak, vindauge mot vest og aust samt innvendig og utvending kledning.

Tusen takk til Audun og Randi Solheim som verkeleg har stått på i all slags vær med arbeidet i torvhuset. Og tusen takk til Geir Tore Leversund som har sponset hytta med to nye vindu, samt bygd benkane. Dei har lagt ned ein uvurderlig innsats, og torvhytta har blitt fantastisk flott!

Inne i hytta er det hengt opp nokre reglar som gjeld i bruken av hytta. Hugs at alle er velkomne til å bruke hytta når som helst, sjølv om det vert avholdt bursdagsarrangement eller liknande der.

Forrige
Forrige

Eikefjordheftet 2023

Neste
Neste

Ekstraordinært årsmøte