Liv og Lyst

Eikefjord Grendalag er tatt med i LivOGLyst prosjektet. Føremålet med prosjektet er å styrkje lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv.

Oppdragsgjevar for LivOGLyst-satsinga er ein partnarskap mellom Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Noreg Vestland.

Grunntanken med prosjektet er at det skal drives nedanfrå og opp. Det er menneska i lokalsamfunnet som er dei viktige aktørane og som skal vere med på å skape bulyst i Eikefjord.

Eikefjord Grendalag har gode intensjoner med midlene vi har fått gjennom LivogLyst programmet. Dei skal komme bygda til gode ved tilrettelegging av aktiviteter. Blant anna planlegger vi ein Open Dag med spesielt fokus på nye sambygdinger. Meir informasjon om dette kjem seinare.

Denne helga har Gitta Sas og Silje Fraas Øren vært på samling med Livoglyst programmet for å få meir innblikk i metodikken for å involvere flest mulig innbyggere i aktiviteter i Eikefjord.

Vi var invitert til Hjelmås som har vært med i LivOGLyst programmet. Bygda ligg rett utenfor Knarvik og Grendalaget på Hjelmås delte sine erfaringer og viste oss kva dei hadde fått til i bygda. Vi møtte også andre lag og organisasjonar som deltar i programmet. Kjekt med inspirasjons- og idéutveksling.

I samband med prosjektet har vi laga eige facebook side; Eikefjord LivogLyst. Følg oss der🙂🙂

I samband med prosjektet har vi laga eige fb side; Eikefjord LivogLyst. Følg oss der🙂🙂

Forrige
Forrige

LoL MANGFOLDSDAG

Neste
Neste

EIKEFJORDAGANE 2022