Bli med på Handarbeidskveldar på Allhuset!!

 Det vert oppstart av Handarbeidskveldar på Allhuset mandagar mellom kl 18.30- 20.00

Dette er eit lavterskeltilbod for ALLE i alle aldrar som likar Håndarbeid og som samtidig vil vere sosial og danne nye bekjentskap.

Kjekk høve til å lære noko nytt, slå av ein prat med folk frå bygda, vere kreativ i fritida, bytte materiale/oppskrift, kose deg med eit eige strikke/hekle/broderarbeid, bli inspirert til gode idear eller bli kjent med nye folk!​

Gratis deltaking, men kva kan du bidra med?​

Første samling er 08.01.24 

Kom som du er, ta med naboen din eller ein ven og ta på deg eit smil! Det er kjekt om du tek med deg eit påbegynt handarbeid. ​

Vi byr på kaffe, te og enkel servering. ​

Om du har, kan du ta med garnrestar, heklenåler du har to av, strikkepinner du ikkje brukar, slik at andre kan prøve noko dei aldri har gjort før!​

Forrige
Forrige

Håndarbeidskveld

Neste
Neste

Eikefjordheftet 2023